Den draumen

Kalvatreet opnar avisa att frå skogen med eit dikt av Olav H. Hauge. Draumen er eit dikt som gjev klang i fjellheimen inni meg, det rommar ei vedunderleg von som eg vil dela med dykk.

Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund
skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge/Dropar i austvind (1966)