januar 27, 2010 av kalvatreet
Engelske filmkritikarar stør Kalvatreets vurdering!!!
Torsdag 3. desember 2009/Klassekampen
“Londons filmkritikarar har peikt ut Francis Ford Coppolas “Apocalypse Nå!” til den beste filmen som er laga dei siste 30 åra. Vietnamfilm-legenda vart lansert nettopp for 30 år sidan i Cannes 1979. Formann for London-kritikarane, Jason Solomons, hylla ifølgje bransjebladet Screens Coppolas film som ein verdig vinnar, og hevda ved offentleggjeringa av kåringa at filmen sitt antikrigsbodskap var like relevant for kritikarar i dag som i 1979. På dei andre topp 5-plassane kom “Schindlers liste”, “De andres liv”, “Nådeløse menn” og “Brokeback Mountain”.
Posta på Listetoppar | Legg att ein kommentar »
januar 26, 2010 av kalvatreet
Endeleg er det kome litt snø. Etter lange veker med kulde så har det lagt seg 5 centi med kvitt. Og om me er heldige så kjem meir i morgon. Kanskje denne helgi vert ei god skihelg…
Posta på Listetoppar | Legg att ein kommentar »
januar 9, 2010 av kalvatreet
I går var eg med på rulle-kveld i bassenget på samfunnshuset. Sigrid frå Krundalen hadde laga til kajakk-kveld med eskimorulle på plakaten. Utruleg kjekt og morosamt! Korleis koma ut or kajakken når han har velta – og korleis svinga seg opp att i eskimorulle.
Me vart 4 stykkje. Det er rom for 6 stykkje om gangen, og ryktet går om at det kanskje vert fleire kveldar med rulle-moro. Kanskje allereie neste veke? Her er det berre å hengja seg på!
Posta på Listetoppar | Legg att ein kommentar »
januar 9, 2010 av kalvatreet
I dag er det mildare. -16 grader ute då eg vakna. + 10 grader inne. Litt kjøleg start inne, men så fort ein kjem opp på 12 grader så kjennast det behageleg. Over 17 grader er veldig heitt.
Soli kom over Bufornosi kl. 12.06 og forsvann bak Dugurdskulen kl. 13.30. Me har vore veglause i 2 1/2 månad, og vatnlause i 1 1/2 månad. Litt lite ski siste vekene på grunn av kulda. Litt mindre dusjing enn det som kanskje vore optimalt
Men me har det fint.
Det har vore strålande dagar i januarkulda, og mange poeng på Jostedalslista. Lista går i pluss, det er sikkert.
Posta på Listetoppar | 2 kommentarar »
januar 7, 2010 av kalvatreet
Klaka i høgda: Nett no er det cirka 40 grader forskjel mellom ute og inne. + 18 i stova, -20 utafor glaset. Vatnet er for lenge sia botnfrose, og det er vinter. Kald, fin og deilig vinter. Inne er det heitt, og ein vert jo litt varm av å bera vatn og. TV´en har byrja få kanalar. På kjøkenet kunne det nok ha vore ryddigare, men å vere vatnlaus har føremon og. Treng ikkje ha dårleg samvit for hybelkaninar i krokane.
Det einaste ein kunne be om var at bilen ville gå
Men kanskje i måra?
Posta på Gry sitt hjørne | Legg att ein kommentar »
januar 6, 2010 av kalvatreet
EVERYTHING
I can be an asshole of the grandest kind
I can withhold like its going out of style
I can be the moodiest baby and you´ve never met anyone
Who is as negative as I am somtimes
.
.
I am the wisest woman that you´ve ever met
I am the kindest soul with whom you´ve connected
I have the bravest heart that you´ve ever seen and you´ve never met anyone
Who is as positive as I am sometimes
.
You see everything you see every part
You see all my light and you love my dark ♥
You dig everything of whitch I´m ashamed
There´s not anything to which you cant relate
And you´re still here
.
I blame everyone else not my own parttaking
My passive agressive-ness can be devostating
I´m terrified and mistrusting and you´ve never met anyone
Who is as closed down as I am sometimes
.
You see everything you see every part
You see all my light and you love my dark ♥
You dig everything of whitch I´m ashamed
There´s not anything to which you cant relate
And you´re still here
.
What I resist persist and speaks louder than I know
What I resist you love no matter how low or high I go
I am the funniest woman that you ever known
I am the dullest woman that you´ve ever known
I`m the most gorgeous woman that you´ve ever known and you´ve never met anyone
Who is as everything as I am somtimes
.
You see everything you see every part
You see all my light and you love my dark ♥
You dig everything of whitch I´m ashamed
There´s not anything to which you cant relate
And you´re still here
Posta på Vekas tekst | Legg att ein kommentar »
desember 27, 2009 av kalvatreet
No når året er på hell
kunne mykji vore på stell -
kanskje skal eg takka votten?
Eller freden her i dalen?
Julesnø med tunge greinar?
Fekk bilen til å stogga,
frå industrien imot Mjølver
11 år sidan ein vinter.
Posta på Gry sitt hjørne | 2 kommentarar »
november 1, 2009 av kalvatreet
Etter dagar og veker utomdals kjem eg heim, og kva for ein heim! Elektrikaren har gjort seg ferdig, røyrleggjaren har vore her medan eg var vekke, snikkaren har mest gjort sitt, og muraren… Taket er tett, veden er i hus, lys og varme… -, nett no manglar berre Åge Aleksandersen
Vel, akkurat DET hastar ikkje, men sukk, fint ja! Sitja inne, medan regnet held seg ute. Ein kveld. Om hausten.
Posta på Gry sitt hjørne | Legg att ein kommentar »
oktober 10, 2009 av kalvatreet
Det har vore ein merkeleg sommar i år. Og når det gjeld veret. 3 månader med regn og skodde er lenge, nok til å verta utolmodig. Men so kjem soli, det er fine greier. No som eg har vorten fastbuande her, iallefall førebels, so har eg tenkt at det kunne vore fint med ei pluss-minus-liste for korleis det er å bu her, slik at eg kan hugsa når den dagen kjem at eg må bestemma meg.
Været kan ein ikkje gjere noko med, så det er i seg sjølv ikkje poenggjevande. Elles startar teljinga i dag, det som har vore før reknast ikkje. Poenggjeving frå 1 – 10, alt etter kor viktig hendinga reknast som.
I dag, på fyrste reknedag går lista i pluss: 10. OKTOBER: SKITUR MOT MYRHØNNA I SOL!!! (ikkje heilt opp, for mykje stein) MED FLOTT SKIKJØYRING NED. FLOTT FØRE, LITT SMÅSTEIN HER OG DER – 3 + POENG.
Dessutan møtte eg ein barnefamilie på 5. Ute med kakao og langrennski!! Det er sprekt ein haustettermiddag, rett etter fyrste snøfall. Så då vert det bonuspoeng +1. TOTALT 4 +POENG.
Posta på Listetoppar | 5 kommentarar »
oktober 8, 2009 av kalvatreet
av Sidsel Endresen & Bugge Wesseltoft. Ein tekst som står veldig godt på eigne bein. Han kan anbefalast med muskikk og.
There is a river somewhere
that flows through the lives of everyone
and it flows through the valleys and the mountains and the meadows of time
There is a star in the sky
brightens the lives of everyone
I know it brightens the rivers and the valleys and the mountains of time
Yes it do….
There is a voice from the past
Speaks through the lives of everyone
I know it speaks through the rivers and the valleys and mountains of time
There is a smile in your eyes
brightens the lives of everyone
I know it brightens the rivers and the valleys and the mountains of time
Yes it do…
There is a short song of love
Sings through the lives of everyone
and it sings through the rivers and valleys and the mountains of time
There is a sweet song of love
brightens the lives of everyone
And it sweetens the valleys and the rivers and the mountains of time
Yes it do…
Posta på Vekas tekst | Legg att ein kommentar »